'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu'

Bestill reise

Reiseperiode:

15 - 19 juni 2020

Dager:

5

Reiseleder:

Oddgeir Bruaset

Norsk journalist, forfatter og programleder. Blant annet kjent for TV-serien ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.


Pris fra:
15 490,-

Oddgeir Bruaset

Norsk journalist, forfatter og programleder. Blant annet kjent for TV-serien ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.

Reiseperiode:

15 - 19 juni 2020

Ei reise dit 'ingen skulle tru at nokon kunne bu'

Reiseperiode 15. - 19. juni 2020

Har du lyst til å oppleve nokre av dei mest spesielle stadene og møte ein del av dei mest særmerkte menneska frå TV-serien ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”? I så fall har du no sjansen. På kjøpet får du med mannen bak fjernsynsserien, Oddgeir Bruaset, som los. Ferda går gjennom noko av det mest storslegne landskapet kongeriket har å by på – Hardanger, Indre Sogn og Nord-Gudbrandsdalen.

Etter bussferda over Hardangervidda dreg vi først til den spektakulære fjellhyllegarden Kjeåsen, der einebuar Bjørg Wiik tek imot. Vidare kliv vi opp til den veglause buplassen Kjepso, der Anne og Per Ragnar Kjepso – ho frå Glasgow – held hus. Inst i Sogn besøkjer vi Skåri, garden som  ”husdokter” Geirr Vetti har bygd opp frå ruinane, med god hjelp av sherpaer frå det fattige Nepal. Etter ein tur over Sognefjellet oppsøkjer vi Glittersjå ved innsteget til Jotunheimen, ein eventyrgard Hege og Helge Nordskar har reist. Dei møter vi saman med hundretals dyr og fuglar, frå tamde elgoksar til andalusiske hopper.

Er ikkje dette nok, byr Oddgeir Bruaset på talrike bildeforedrag om folket som lever langt utanfor allfarveg – og som lever godt.

Noen høydepunkter:

  • Opplev Kjeåsen og møt Bjørg Wiik, oslojenta som vart einebuar på ein av dei mest spektakulære gardane i landet, og som framleis lever åleine på ei fjellhylle høgt over Simadalsfjorden
  • På ein knaus høgt over Hardangerfjorden ligg den veglause garden Kjepso. Her lever det aldrande ekteparet Anne og Per Ragnar Kjepso, endå ho voks opp i Glasgow og har med åra mist synet
  • Opplev den gamle storgarden Skåri i Luster, der alle dei tjue husa i tunet låg nede i forfall, men der ”husdokter” Geirr Vetti bygde dei opp att, mykje ved hjelp av sherpaer frå det fattige Nepal
  • Hege og Helge Nordskar har omgjort eit fråflytt småbruk ved innsteget til Jotunheimen til eventyrgarden Glittersjå, med staselege tømmerbygningar og ei mengd dyr og fuglar spankulerande rundt i tunet
  • I Folldal besøkjer vi Eris Davids og Martin Kjønnsberg på Kvebergsøya. Martin tok over ein gammal, einsleg gard, sette husa i stand, og med åra er fleire nye bygningar komne til, alle i gammal byggjeskikk
     

Dette mener kundene våre om denne turen:

"Bruaset er et funn." 

"Kjempeflott guide til utrolige opplevelser og møter med spesielle mennesker. Utrolig god, interessant og fengslende foredragsholder og forteller."

"All ære til samtlige som står bak denne fantastiske reisen, som har gitt gode minner og lærdom for livet."

Denne turen er i samarbeid med:

 

Bestill reise

Reiseperiode:

15 - 19 juni 2020

Dager:

5

Reiseleder:

Oddgeir Bruaset

Norsk journalist, forfatter og programleder. Blant annet kjent for TV-serien ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.


Pris fra:
15 490,-

Program

Dag 1 - Måndag 15. juni

Måltider inkludert: L / M
Turen startar kl. 09.00 med avgang frå Oslo bussterminal, og vi tek oss til Vestlandet over Hardangervidda. Etter å ha køyrt Hallingdal til Gol får vi lunsj. Vi held fram over vidda og passerer kjende stader som Geilo, Ustaoset og Haugastøl, før vi gjer ein kort stogg ved den majestetiske Vøringsfossen, der ein ny attraksjon har reist seg. I samband med prosjektet Nasjonale turistvegar er det bygd ei bru, noko som vil gje den opplevingslystne eit heilt nytt synsinntrykk av det kanskje best kjende fossefallet i landet. Vi køyrer vidare nedetter den svingete Måbødalen og passerer Måbø og Tveito, eit par gardar som før bilvegane kom, var blant dei mest isolerte. Omsider er vi framme i Eidfjord, eit vakkert og velregulert bygdesentrum, som vitnar om at vasskraftutbygginga har gjeve kommunen god økonomi, og vi sjekkar inn på Quality Hotel Vøringfoss, eit relativt nytt hotell, men bygd i gammal stil, og som har fått prisar for byggjeskikken. Før middag blir det kvar dag halde bildeforedrag om dei som ”lever der ingen skulle tru…”, og i Eidfjord skal det handle om stadene og menneska vi skal møte neste dag.

Dag 2 - Tysdag 16. juni

Måltider inkludert: F / L / M
Dagen blir todelt. Føremiddagen bruker vi til å oppleve den truleg mest omtala og særmerkte heimen i Distrikts-Noreg, fjellhyllegarden Kjeåsen, som ligg på ei hylle 530 meter over Simadalsfjorden. Så lenge garden var i retteleg drift, hadde folket ikkje annan veg enn ein tung og vanskeleg gangsti oppetter den stupbratte fjellsida, som vi kan sjå på turen inn langs fjorden. Midt på 70-talet vart det bygd bilveg oppetter fjellet i samband med ei kraftutbygging, men han er ikkje breiare enn at han er einvegskøyrd, opp kvar heile time, ned kvar halve. Frå parkeringsplassen og ned til tunet er det lett og makeleg gange på eit par hundre meter, og der møter vi Bjørg Wiik, den einaste attbuande på Kjeåsen. Ho er frå Oslo og kom som ung til Kjeåsen for å stelle for ei gammal tante. Men etter at tanta var død, valte Bjørg å bli att på garden, ettersom han hadde verdiar ho heldt høgt, og som ho ikkje ville finne i storbyen. Og sidan har ho vore der, men det siste tiåret har ho budd i Oslo vintersdag. Ho er trass alt i siste del av 80-åra, og helsa skrantar. 

Etter lunsj på hotellet i Eidfjord legg vi vegen utetter Hardangerfjorden, kryssar den nye og imponerande Hardangerbrua, og køyrer på ein smal og svingete veg langs nordsida av Hardangerfjorden. Også den har status som Nasjonal turistveg. Ei halv mil før industristaden Ålvik forlét vi bussen og tek beina fatt. Gangvegen opp til Kjepso tek ein liten halvtime, og han kan innimellom vere litt bratt, men han er trygg å gå. Joggeskor eller fjellskor bør ein likevel ha. Oppe på knausen der Kjepso-tunet ligg, får vi eit flott utsyn over fjell og fjord, og der møter vi det tilårskomne ekteparet Anne og Per Ragnar Kjepso. Anne er fødd og oppvaksen i Glasgow og er i dag så godt som blind, og dei siste par åra har ho budd i Ålvik om vinteren. Om sommaren kan det vere folksamt på Kjepso, for då kjem ikkje berre etterkommarane av Anne og Per Ragnar på besøk, men også søskena til husbonden og familiane deira, og då gjallar songen, musikken og latteren gjennom tunet. Samhaldet er like sterkt som humøret er godt. Vel nede ved bussen att tek vi fatt på siste etappen, vegen til Øystese og Hardangerfjord Hotel, der det utanom middag blir nytt foredrag.

Dag 3 - Onsdag 17. juni

Måltider inkludert: F / L / M
Første del av denne dagen køyrer vi buss attende langs sørsida av Hardangerfjorden, før vi i Granvin svingar nordetter mot Voss, tek vegen over det vakre Vikafjellet, kryssar Sognefjorden med ferje frå Vangsnes til Hella og får lunsj i saftbygda og skulebygda Sogndal. Etterpå køyrer vi gjennom vakre Hafslo, som omkransar Hafslovatnet, kjem ned til Lustrafjorden, passerer kommunesenteret Gaupne, bygd på ei øyr av sand som elva har ført med frå Jostedalsbreen, og køyrer langs fjorden nordetter, omgjeven av makelause lustrafjell og bognande frukthagar. På smale, svingete vegar tek oss inn til Skjolden i botnen av Sognefjorden og svingar nordetter mot Mørkrisdalen. Nedanfor Skåri lyt vi forlate bussen og bruke beina på den kilometerlange vegen opp til Skåri, i alle fall dei av oss som Geir Vetti ikkje rekk å skysse med den firehjulsdrivne bilen sin.
     
Tunet på Skåri er eit eventyr. For tjue år sidan låg eit tjuetals gamle gardshus i ruin, men ved tusenårsskiftet fekk bergensaren og ”husdokteren” Geirr Vetti kjøpe den forfalne storgarden, og i tida som har gått, har han fått alle bygningane på fote att, ikkje minst takka vere sherpaer frå det fattige Nepal, som kvar sommar har bore hundrekilos steinheller på rygg oppe frå eit elvefar, og bygd opp nye, solide hustufter. No er arbeidet fullført, men sherpaene kjem likevel årvisst tilbake, og i stadig større flokkar. Denne sommaren tel dei framimot 50 mann. Dei er her for å byggje nye eller reparere gamle fjellstiar rundt om i landet, oppdrag som Geirr har skaffa dei. Dessutan har mannen fått den kvinnehjelpa han lenge fånyttes leitte etter. Sigfrid Myklebust frå Lillestrøm, med ei fortid som framståande ryttar og med ein generell kjærleik for husdyr, stod ho ein dag på Skåri og helsa husbonden med orda: ”Her er jeg!” Medan Geirr no opererer mykje av tida i fjella saman med sherpaene, er Sigfrid blitt gardsstyrar og steller hest og ku, sau og geit, hund og katt, samstundes som ho saman med eit par medarbeidarar tek imot turistar og tilbyr servering – som lunsj til oss.
   
Geirr vil vere på plass denne dagen, og er vi heldige, får vi òg møte ein sherpa eller to, som måtte vere innom mellom oppdraga i fjellet. Etter turen til Skåri overnattar vi på Skjolden Hotel, med vakkert utsyn over den inste og lengste armen av Sognefjorden. 

Dag 4 - Torsdag 18. juni

Måltider inkludert: F / L / M
Neste dag kryssar vi igjen høgfjellet, og denne gongen går ferda på ein ny nasjonal turistveg, over Sognefjellet, den høgste fjellovergangen i Nord-Europa. Vi køyrer gjennom Fortunsdalen og ser opp mot den majestetiske steinstova i Fuglesteg, 600 høgdemeter over oss. Medan vi nærmar oss Turtagrø Hotel, ser vi tinderadene i Vest-Jotunheimen, Skagastølstindane og Fanaråken, og når vi passerer toppen, kan vi slå fast at vi er 1434 moh.

Ned gjennom Bøverdalen er landskapet mindre dramatisk, men meir frodig, med grøne lier og ei fossande elv, men også her er det nok av kulturminne og spesiell busetnad. Vi treng berre nemne Sulheim gard, der alle husa er frå før 1800, og dei er fylte med spennande fjellhistorie. Vi gjer ein stogg i Lom sentrum, som  er eit vitnemål om at det kan reisast moderne forretningar og offentlege bygningar i gammal byggjestil – med eit framifrå resultat. Frå Lom går ferda til nabokommunen Sel og til endå ein avsidesliggjande eventyrgard, Glittersjå. Då Hege og Helge Nordskar i 2006 kjøpte staden, var han ikkje noko anna enn eit lite, fråflytt småbruk, Heringstadbrenna. Han låg i solhellinga, vendt mot Jotunheimen, og så lenge han hadde fritt utsyn mot Glittertind, fekk han straks nytt namn – Glittersjå. Det som var eit forfalle småbruk, vart på få år omskapt til eit tun fylt av staselege tømmerbygningar, somme ombygde, andre reiste frå grunnen. Og mellom dei mange husa trippar hundrevis av tobeinte og firbeinte skapningar omkring.

Forklaringa er ikkje berre å finne i at Helge er ein uvanleg nevenyttig kar, ned sans for det estetiske, men at han som svigerson til Edvin Thorson, grunnleggjaren av Langedrag, var den som meir enn nokon bygde opp Langedrag. Og Hege, som med ei fortid som sprangryttar gjekk under namnet Heste-Hege, sytte for at Langedrag vart heimstad for ei lang rekkje dyrerasar. Men då Hege og Helge vart småbarnsforeldre, søkte dei lunare lende, kjøpte husa til skilegenda Birger Ruud i Lommedalen, og gjorde også dei om til ein eventyrleg eigedom. Likevel - då borna vart store nok til å kunne stå på eigne bein, vakna fjellhugen igjen, og i dag har Glittersjå mange likskapstrekk med Langedrag. Her kan vi t.d. møte tamme elgar og ekte villsvin, ved sida av andalusiske gjetarhestar og gammalnorsk spælsau, eller andre brekande og kaklande skapningar. For å ha noko igjen for investeringane har Hege og Helge starta med litt gardsturisme, dei sel gardsmat, dei har nokre overnattingsrom, og dei byr gjestene på kaffi og kaker eller ein lunsj. Det gjer dei også til oss.

Etter trakteringa køyrer vi ned gjennom den gamle fjellbygda Heidal, og frå Sjoa dreg vi nordetter til trafikknutepunktet Dombås, der vi overnattar på Dombås Hotell.

Dag 5 - Fredag 19. juni

Måltider inkludert: F / L 
Neste føremiddag skal vi vidare austover i retning mot Østerdalen. Vi kan dra over Dovrefjell, ta av ved Hjerkinn og køyre nedetter Folldal. Men er vêret godt, kan vi i staden leggje vegen gjennom den fagre Grimsdalen, som blir omtala som den vakraste seterdalen i verda. I Folldal besøkjer vi Eris Davids og Martin Kjønnsberg på Kvebergsøya. Eris er tysk, Martin er folldøl, og begge er hestefolk. Ein gong for mange år sidan hamna dei i same slede på veg til Rørosmartnan, og før dei var framme, var dei blitt kjærastar. Og det er dei framleis. Martin tok over ein gammal, einsleg gard, sette husa i stand, og med åra er fleire nye bygningar komne til, alle i gammal byggjeskikk. Levevegen er ein kombinasjon mellom gardsdrift og gardsturisme. Dei driv økologisk, dei satsar på sauehald, og dei har ein heil flokk med hestar på stallen. Når Martin er på tømmer- eller vedskogen, har han med seg hest i staden for traktor, og i ein pause gjer han opp bål og kokar seg ein kaffiskvett. Dessutan kan han ha med seg gjester på lange rideturar i fjellet, med overnatting på ei gammal seter. I tillegg køyrer han hestespann, tospann og trespann, ja, endåtil firespann og femspann, og kanskje kan det bli ein køyretur rundt om på garden bak tre - fire gampar, for dei som måtte ønskje det. I tillegg kan dei to by på kaffi og kaker i det gamle fjøset, som er ombygd til selskapslokale. 

Vegen tilbake til Oslo går etter endå ein av våre nasjonale turistvegar, gjennom Rondane til Atna. Ved Atnasjøen passerer vi Solbergplassen, staden der Harald Solberg på nyåret i 1900 såg Rondane i vinterdrakt og måneskin, eit syn han opplevde som ei openberring, og som førte til at han i åra etter laga fleire kjende måleri med same motiv – ”Vinternatt i Rondane”. Frå Atna køyrer vi over Venabygdsfjellet til Ringebu og vidare søretter E6 gjennom Gudbrandsdalen. Vi reknar med å vere framme der vi starta i 18-tida fredag ettermiddag.

(Vi gjør dere oppmerksomme på at ankomsttiden i Oslo kan endres på grunn av endring i programmet, trafikk etc.)

Praktiske opplysninger

Pris pr. person kr 15.490,- som inkluderer:

  • Bussreise på hele rundturen 
  • 4 overnattinger i delt dobbeltrom
  • Besøk og omvisninger ifølge program
  • Kåserier og foredrag ved Oddgeir Bruaset
  • Full pensjon (ekskl. drikke) 
  • Faglig reiseleder Oddgeir Bruaset
  • Teknisk reiseleder Arvid Aastad


Rabatt med A-kortet kr 750,- pr person

Tillegg for enkeltrom kr 1900

Hoteller:
Quality Hotel Vøringsfoss  

Hardangerfjord Hotel

Skjolden Hotel

Dombås Hotel

Depositum kr 3 000,- pr. person vil bli fakturert etter at vi har mottatt påmelding. 
Minimum antall deltakere er 20. 
Husk reise- og avbestillingsforsikring – kontakt ditt forsikringsselskap! 
Vi tar forbehold om prisendring pga. endrede flyskatter/oljetillegg. Det tas forbehold om endring i rutetidene samt endring i program som følge av forhold som ligger utenfor arrangørens kontroll, f.eks. værforhold.