Skip to main content

'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu - Valdres, Oppland og indre Sogn'


Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – Valdres, Oppland og indre Sogn

 

Reiseperiode 13. - 17. juni 2022 

Møte med nokre av dei mest avsidesliggjande og opplevingsrike gardane i landet. 

Under reisa i juni 2022 skal vi besøke nokre av dei mest interessante stadene i Oppland og i indre Sogn, og møte dei som bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Oddgeir Bruaset tek oss med tilbake til plassane og folket han laga TV-program om, og utanom å vere med som kjentmann vil han om kveldane halde foredrag om nokre av dei mest spesielle stadene han har vore innom.

 

Noen av høydepunktene:

  • Storgården Skåri i Luster, der alle de tyve husene på tunet lå falleferdige, men der ”husdokter” Geirr Vetti bygget de opp igjen, mye ved hjelp av sherpaer fra det fattige Nepal
  • Hege og Helge Nordskar har gjort om et fraflyttet småbruk ved inngangen til Jotunheimen til eventyrgården Glittersjå, med staselige tømmerbygninger og en mengde dyr og fugler spankulerende rundt på tunet
  • Besøk til Helsesportssenteret og Lyskapellet på Beitostølen
  • Vikabråten, eit småbruk der eit par i ein mannsalder har drive i samsvar med den gamle bondekulturen, utan motoriserte hjelpemiddel av noko slag
  • Sølvsmed Inger Norunn
     

 

Bestill reise

Reiseperiode:

13 - 17 juni 2022

Dager:

5

Reiseleder:

Oddgeir Bruaset

Norsk journalist, forfatter og programleder. Blant annet kjent for TV-serien ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.


Pris fra:
15 830,-

Søk reise

Program

Måndag 13. juni   

Måltider inkludert: L/M 
Vi reiser frå bussterminalen i Oslo klokka 09.00, tek lunsj undervegs, før vi oppsøkjer garden Nøssvoll oppe i åsen på sørsida av Etnedalen i Valdres. I programmet frå 2005 møtte vi ei mor og ei dotter, Margit og Kari Nøssvoll. Best hugsar vi kanskje kampen Kari førte for å få godkjent smøret ho laga som menneskemat, og å få mjølkebilen til å hente mjølka hennar i sommarhalvåret, trass i smale og svingete vegar og tallause grinder. Etter programmet vart kampen til Kari krona med hell. Gamle Margit døydde ikkje så lenge etter, men om lag på same tid dukka ein osloensar opp på Røssvoll, og i dag tel familien tre medlemmer, og framtida ser lys ut. 

Framme på Fagernes tek vi inn på Scandic Valdres, og før middag får vi med oss det første foredraget om dei som bur der ingen skulle tru. 

Tysdag 14. juni

Måltider inkludert: F/L/M 
I dag skal vi innom ikkje mindre enn tre spennande gardar i Valdres. Ei mil nord for Fagernes ligg Vikabråten, eit småbruk som Yvonne Tonnaer og Ole-Jacob Christensen i ein mannsalder har drive i samsvar med den gamle bondekulturen, utan motoriserte hjelpemiddel av noko slag. Dei møttest i unge år i Frankrike, og sidan har dei vore frankofile. No som pensjonistalderen nærmar seg, har dei kjøpt eit husvære i gamlebyen i Nice, og dit skal dei flytte få dagar etter at vi har besøkt dei. Men før dei dreg, har dei forvissa seg om at unge krefter skal ta over Vikabråten og drive garden på same måten som dei sjølve har gjort. 

Oppe på ei høgdedrag på motsett side av Slidrefjorden ligg Kvitsyn, tunet der eit fargerikt og aldrande dansk par hadde slege ned. I tillegg til å ha bygd opp eit vakkert tun hadde dei reist eit kapell, etter at frua, Kirsten Rostbøll, hadde hatt ei slags openberring om å gjere det. Mot slutten av programmet fortalde dei at deira jordiske leivningar skulle kremerast, og at oska til begge skulle samlast i ei urne under golvet på kapellet, «for vi er eitt!» Sist vinter døydde Erik Rostbøll, nær 95 år gammal, og sidan har Kirsten kjempa mot norske styresmakter for å få oppfylt ønsket setje urna ned under det vigsla kapellet. Når vi møter henne til sommars, får vi truleg vite svaret. 

Etter ein lunsj nede i dalen dreg vi vidare nordetter for å oppsøkje Høvda, opphavleg ein husmannsplass, men no eit innbydande, avsidesliggjande tun bygd opp av gamle tømmerhus, som tusenkunstnaren Rainer Solhaug og kona, Inger Norunn, står bak. Rainer kom frå Tyskland og var ein trekunstnar, Inger Norunn arbeidde som sølvsmed i eit av dei gamle husa, og dei levde av det dei skapte. Dessutan hausta dei grøda frå ein frodig hage.  I vinter døydde Rainer Solhaug, til sorg og sakn for Inger Norunn. Likevel ønskjer ho oss hjarteleg velkommen. 

Før vi sjekkar inn på Radisson Blu Hotell på Beitostølen, legg vi vegen om Helsesportssenteret som Erling Stordahl fekk bygd opp. Av testamentet han etterlét seg, gjekk det fram at for pengane han hadde, skulle det reisast eit kapell ved senteret. Kirsten Rostbøll, ho som bygde sitt eige gardskapell på Kvitsyn, fekk gleda av å reise det kapellet ho hadde sett i openberringa ho hadde hatt. Lyskapellet på Beitostølen er vel verdt eit besøk.  

Onsdag  15. juni

Måltider inkludert: F/L/M 
Etter ein god frukost tek vi turen over Valdreflye, svingar austetter ved Randsverk og inn Murudalen, til det gamle, fråflytte småbruket Heringstadbrenna, som Hege og Helge Nordskar kjøpte i 2006, og gjorde om til eventyrgarden Glittersjå. Mellom dei mange bonderomantiske husa trippar hundrevis av tobeinte og firbeinte skapningar omkring. På mange vis har Glittersjå likskapstrekk med villmarksgarden Langedrag. Det er ikkje rart. Hege er dotter av mannen som skapte Langedrag, og Helge la ned  ein formidabel innsats for å gjere staden attraktiv. På Glittersjå kan vi dag møte tamme elgar og reinsdyr, ved sida av gammalnorsk spælsau og ei mengd andre brekande og kaklande skapningar. Hege og Helge vil fortelje om oppbygginga av garden og tilby oss nære møte med ville, men godslege dyr. Glittersjå er besøksgard, og vertskapet byr gjestene også på lunsj frå eige kjøken og eige bakeri. 

Frå Glittersjå går ferda oppetter Ottadalen til Lom og derifrå inn Bøverdalen og over Sognefjellet til Luster, der vi sjekkar inn på Skjolden hotell. 

Under middagen får vi besøk av Geirr Vetti som gjenreiste den gamle storgarden Skåri ved hjelp av sherpaer, og i eit bildeforedrag vil han mellom anna  fortelje om samarbeidet med sherpaene, om arbeidet dei gjorde på Skåri med å bere stein og byggje steinmurar. I seinare år har dei kvar sommar komme tilbake og sett i stand gamle fjellstiar og å bygd nye. 

Torsdag 16. juni

Måltider inkludert: F/L/M 
Vi dreg til Skåri i Mørkrisdalen for å sjå på alt Geirr Vetti har bygd opp, og for å nyte maten som gardsstyraren Sigfrid Myklebust tilbyr. 

På vegen sørover gjer vi ein stogg ved den gamle, staselege kyrkja i Dale i Luster og får ei innføring i historia av ein lokal guide. 

Derifrå går vegen over Sogndal og Lærdal via Hemsedal til Gol, der vi overnattar på Pers Hotel. 

Fredag 17. juni

Måltider inkludert: F 
Etter frukost rundar vi av med eit siste foredrag, før vi set kursen mot hovudstaden. Vi reknar med å vere framme  ut på ettermiddagen. Det blir eit lite stopp for mulighet til å kjøpa seg ein kaffikopp.

Praktiske opplysninger

Pris pr. person kr  15.830,- som inkluderer: 

  • Bussreise på hele rundturen - 4 overnattinger i delt dobbeltrom 
  • Besøk og omvisninger ifølge program 
  • Kåserier og foredrag ved Oddgeir Bruaset 
  • 4 frokoster, 4 lunsjer og 4 middager 
  • Faglig reiseleder Oddgeir Bruaset 
  • Teknisk reiseleder Arvid Aastad 

 

Tillegg for enkeltrom kr 2.150,- 

Det vil noen dager være bratte og litt lengre gåetapper. Dette krever at man er god til beins, og er i god form. 

Scandic Hotel Valdres

Radisson Blu Mountain Resort  Hotel Beitostølen 

Skjolden Hotel  

Pers Hotell 

 

Depositum kr 3 000,- pr. person vil bli fakturert etter at vi har mottatt påmelding.  

Husk reise- og avbestillingsforsikring – kontakt ditt forsikringsselskap! 

Det tas forbehold om endring i rutetidene samt endring i program som følge av forhold som ligger utenfor arrangørens kontroll, f.eks. værforhold.  

Avganger & priser

AvreisedatoReiselederReisemålPris fra
13/6Oddgeir BruasetDer ingen skulle tru at nokon kunne bu - Valdres, Oppland og indre Sogn15 830,-Bestill

Reisekalender

11/1En vandretur på vakre La GomeraFra 19 750,-
9/3EgyptFra 37 750,-
20/3Sigrid Undsets RomaFra 18 275,-
30/3CremonaFra 19 850,-
8/4Jordan - sivilisasjonens vuggeFra 32 750,-