Skip to main content

'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu' - Telemark


Møte med nokre av dei mest spesielle og opplevingsrike gardane i landet

Reiseperiode 15. - 19. august 2022

 

Under reisa i august 2022 skal vi besøke nokre av dei mest interessante stadene i Telemark og Hardanger, og møte dei som bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

 

Høgdepunkt

  • Opplev Kjeåsen og møt Bjørg Wiik, oslojenta som vart einebuar på ein av dei mest spektakulære gardane i landet
  • På ein knaus høgt over Hardangerfjorden ligg den veglause garden Kjepso. 
  • Opplev den idylliske fjellgarden Kvipt, der odelsguten Åsmund har bygd ei imponerande samling tømmerstover og stabbur i telemarksstil
  • Ei idyllisk båtreise over Møsvatnet
  • Argehovd, ein av dei høgstliggjande gardane i landet som er i drift. 


Oddgeir Bruaset tek oss med tilbake til plassane og folket han laga TV-program, og utanom å vere med som kjentmann vil han om kveldane halde foredrag om nokre av dei mest spesielle stadene han har vore innom.

 

Bestill reise

Reiseperiode:

15 - 19 august 2022

Dager:

5

Reiseleder:

Oddgeir Bruaset

Norsk journalist, forfatter og programleder. Blant annet kjent for TV-serien ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.


Pris fra:
15 830,-

Søk reise

Program

Dag 1 - måndag 15. august - Skifterud - Rjukan - Skinnarbu

Måltider inkludert: L/M
Vi reiser frå bussterminalen i Oslo kl. 09.00 over Kongsberg og Notodden, dreg nordetter til Austbygde i Tinn og vidare inn Tessungdalen. Der inne ligg Skifterud, eit lite, brattlendt småbruk heilt for seg sjølv, og det er blitt heimstad for Gaby Larsen og Rupert Derben. Ho kom frå Færøyane, han var Tyskland, og dei møttest i unge år i fristaden Christiania i København. Tidleg på 80-talet kom dei til Telemark saman med to andre utanlandske par, og saman med to babyar og det vesle dei åtte av jordisk  gods, kom dei skranglande oppetter vegane i ei sjølvbygd prærievogn med ein hest spent føre og ei geit trippande ved sida. Dei var på veg mot eit par–tre fråflytte småbruk som venta på nye drivarar. Det eine var Skifterud. Der har dei no budd i 40 år, har fått tre born, og målet var vere sjølvforsynte av det den vesle jordlappen kunne gje. Dei dreiv på gamlemåten, med handemakt og utan motoriserte hjelpemiddel. Dei dyrkar poteter, bær og grønsaker, dei produserer honning, har ein hest, ein flokk høner og nokre geiter, og dei har den veden dei har behov for. Det dei manglar, byter dei til seg mot varer dei har meir av enn dei treng. I seinare år har dei også tilbydd overnatting i eit sommarhus i tunet. Dessutan har dei innimellom hatt arbeid på bygda. Gaby har jobba i eit gartneri, Rupert har vekselvis vore lærar og vaktmeister, og han dyrkar song og musikk og reiser iblant rundt på små turnear. Dei lever eit annleis liv enn dei fleste, og det er eit fargerikt par vi møter på Skifterud.
Etter lunsj dreg vi mot Rjukan og gjer ein stogg på Vemork, der vi får ei innføring i industrieventyret, ei orientering om sabotasjeaksjonen mot tungvassanlegget under krigen og ei omvising i tungtvasskjellaren.
Etterpå held vi fram turen oppover mot Møsvatnet og tek inn på Skinnarbu Nasjonalparkhotell.

Dag 2 - tysdag 16. august - båttur- Argehovd 

Måltider inkludert: F/L/M
I dag lèt vi bussen stå, og i staden går vi om bord i motorbåten «Fjellvåken» som går i rute på Møsvatnet i sommarmånadene. Etter halvannan times båttur er vi framme ved DNT-hytta Mogen Turisthytte, og derifrå går vi ein liten kilometer på god grusveg inn til garden Argehovd i nordenden av Møsvatnet. Der møter vi Anne-Gro og Åsmund Løvås, dei to som driv den garden som med sine 960 moh. går for å vere ein av dei høgstliggjande gardane som er i drift i landet. Garden er dessutan ikkje berre veglaus, det er tre mil til næraste bilveg. Dei kom her i 1988, etter at Åsmund fekk ta over garden som to aldrande onklar hadde drive, og dei flytte inn i ei hytte som mangla innlagt vatn. Då var byjenta Anne-Gro tre månader på veg med det første barnet sitt. «Eg gjev henne to vikur», lydde kommentaren frå ein som visste kva ho gjekk til. 33 år seinare bur dei her framleis. Dei to jentene dei fekk, er vaksne og har flytt ut for fleire år sidan.
Åsmund er snikkar, og det kom godt med. Eit stort bustadhus og ei rad hytter har han reist i og rundt tunet, nytt fjøs og ny verkstad er bygd, og meir jord er lagd under plogen. I tillegg har Åsmund bygd mange hytter oppe i fjellet, der jegerar og sportsfiskarar kan ta inn. Attpå alt byggjer han hytter for andre i det attraktive fjellterrenget. Blant mykje anna driv han også måling av snødjupna for at kraftselskapet som har regulert Møsvatnet, lettare skal kunne rekne seg fram til kor mykje vatn dei vil få til disposisjon. Anne-Gro er fjøsrøktaren på garden og har ansvaret for ein stor saueflokk. Før ho kom her, visste ho knapt kva som var fram og bak på ein sau, seier ho. No nøler ho ikkje med å gje livredning til små og svake lam ved hjelp av munn mot munn-metoden.
Etter besøket på Argehovd ventar lunsj på Mogen, og i 17-tida er vi tilbake på Skinnarbu.

Dag 3 - onsdag 17. august - Kvipt - Ullensvang

Måltider inkludert: F/L/M
Denne dagen blir det busstur frå Skinnarbu, over Åmot og Dalen, fram til fjellgarden Kvipt i Fyresdal. Garden vart fråflytt i 1964 då siste ungeflokken skulle begynne på skulen. Odelsguten Åsmund Fjellheim Kvipt bygde hus nede i Fyresdal, men lengten etter garden inne på heia, vart  berre sterkare med åra, og tidleg på 1990-talet tok han kona og dei fire sønene med og flytte tilbake. Han selde huset ned i bygda, og han fekk lagt ut 50–60 hyttetomter som eigedommen rådde over, og gjennom bygselsavgifter var han sikra ei god og stabil inntekt. Dermed gjekk han i gang med ei omfattande ombygging og nybygging. Han ville satse på gardsturisme framfor husdyrhald. Låven vart innreidd som selskapslokale, der vi skal setje til livs ein velsmakande lunsj. I ei røykstove frå 1500-talet blir det servert kaffi og kaker, gamle og nye telemarksstabbur er blitt til overnattingsrom, med rosemåla himmelsenger, og stovehuset er modernisert og utvida, alt i samsvar med  gammal byggjeskikk. Og folk kom i hopetal. Berre hardaste vinteren var det nokolunde stille. Då sat rosemålaren Åsmund og dekorerte  bollar og fat, medan sunnmørskona Janne stod i eit lite stabbur og laga pyntegjenstandar i keramikk. I ein del av fjøset er ein liten butikk innreidd, og her kan gjestene kjøpe av kunsten som Janne og Åsmund har skapt gjennom vinteren. 
No har yngste sonen, Olav teke over, og foreldra er komne på kåret, sjølv om dei også tek eit tak for sonen når det trengst. Olav fører tradisjonen som turistvert vidare, men han går også nye vegar. Han er oppslukt i gamle bilar, og på garden som mangla bilveg heilt til familien flytte attende, har Olav bygd sin eigen verkstad, der han gjer gamle, utrangerte køyretøy fine som nye. Guten som er tidleg i 20-åra, har sansen for gamletida på fleire måtar.
Ein busstur på rundt fire timar ventar etter at vi tek farvel med Kvipt. Vi køyrer til Åmot same vegen som vi kom, dernest ber det over Haukelifjell, Røldal og Odda før vi er framme på Ullensvang Hotel i den vakre Sørfjorden i Hardanger.

Dag 4 - torsdag 18. august - Kjepso - Kjeåsen 

Måltider inkludert: F/L/M
Frå Ullensvang køyrer vi over den majestetiske Hardangerbrua til Granvin og vidare utetter riksvegen på nordvestsida av Hardangerfjorden, til vi parkerer nedanfor den veglause garden Kjepso, litt innanfor Ålvik. Frå riksvegen og opp i tunet kliv vi i trapper og på litt ulendte stiar, og godt fottøy, som joggeskor eller fjellskor, bør vi ha. Etter 20–30 minutts gonge er vi oppe, og der, med vidt utsyn over fjord og fjell, møter vi Per Ragnar Kjepso, som på sine gamle dagar er blitt einebuar. Kona, Anne frå Skottland, har lenge slite med svekt syn, og no som ho er så godt som blind, er ein institusjonsplass i Ålvik ein tryggare stad å vere enn Kjepso, som ho elles var så glad. Frå programmet hugsar vi kanskje at den musikalske, songglade og leikande Kjepso-familien hadde eit sterkt samhald, og i feriane var alle samla for å syngje, spele og ha det triveleg i lag. Ein dag kunne Per Ragnar og brørne hans arrangere båtfestival i ein av dammane som husbonden hadde laga til, og der stod dei med fjernkontrollar og styrte sine sjølvbygde, stolte skuter, med kvar sin supportergjeng rundt seg, kone, born og barneborn. Ein annan dag drog dei til seters, og dei som ville bli med, burde ikkje ha høgdeskrekk. Fire stader var det reist opp stigar for å komme over knausar og kollar. Den lengste talde framimot 40 trinn, og svaia mistenkjeleg mykje der vi kava oss oppetter. Men Per Ragnar som har sprunge denne vegen sidan han var liten gut, har som mål å ta seg opp også denne sommaren, No er han 85.
Vel nede ved bussen att køyrer vi same vegen tilbake. Etter at Hardangerbrua er passert, set vi kurs for Eidfjord, der Quality Hotel Vøringfoss ventar med lunsj.
Den siste garden vi skal besøke, er den mest kjende, og samstundes den mest utilgjengelege, i alle fall var han det i eldre tider. Kjeåsen ligg på ei fjellhylle 530 meter over havet, og skulle ein til gards, måtte ein klive i trapper og trestigar, ja, ein stad der ein måtte over eit breitt og bratt svaberg, slo dei jernboltar i berget og la lange tømmerstokkar på oppsida. Så fór dei der og balanserte, gamle som unge, om vinteren som om sommaren. Dit opp kleiv også ei ung kvinne frå Oslo. Ho kom for å stelle for ei gammal, skrøpeleg tante som budde att der åleine. Etter kvart kom også ei søster av Bjørg for å ta eit tak. Midt på 70-talet vart det bygd ein bilveg oppetter fjellet. Det skjedde i samband med ei kraftutbygging, og tida vart ei anna.
Etter at tanta var død, valte søstrene å bli att på garden. Dei hadde sett at han hadde verdiar dei heldt høgt, og som dei ikkje ville finne i storbyen – fred og ro, tid til å tenkje, tid til å kjenne etter. Rundt tusenårsskiftet døydde søstera, men Bjørg vart verande i endå eit tiår. Då innsåg ho at heller ikkje ho var skikka til å bu der om vinteren. Derfor flytte ho tilbake til barndomsheim då vinteren stod for døra. Men så fort det vårast, var ho på Kjeåsen igjen. Og sidan har ho levd dette pendlartilværet. Eit av gjeremåla har vore å ta imot turistar og fortelje om livet på fjellhylla, men for eit par sidan sa ho frå at ho makta ikkje meir. Sist haust fylte ho 90. Likevel vil ho gjere eit unntak og ta imot oss, seier ho – om helsa held.
Vi avsluttar arbeidsdagen med eit siste foredrag.

Dag 5 - fredag 19. august - hjemreise

Måltider inkludert: F/L
Etter frukost set vi kursen attende mot Oslo. Vi gjer ein stogg ved Vøringsfossplatået, der det den siste tid er bygd bruer og laga utsiktspunkt for at turistane skal få eit betre inntrykk av fosseveldet
Vi et lunsj på Gol og reknar med å vere tilbake i Oslo i 16-tida – om rushtrafikken tillèt det.

Praktiske opplysninger

Pris pr. person kr 15 830,- som inkluderer:

  • Bussreise på hele rundturen - 4 overnattinger i delt dobbeltrom
  • Besøk og omvisninger ifølge program
  • Kåserier og foredrag ved Oddgeir Bruaset
  • Full pensjon (ekskl. drikke)
  • Faglig reiseleder Oddgeir Bruaset
  • Teknisk reiseleder Arvid Aastad

 

Tillegg for enkeltrom kr 2.000,-

Skinnarbu Nasjonalpark Hotell  
Hotel Ullensvang i Hardanger 
Vøringsfossen Hotel Hotell Eidfjord 

Depositum kr 3 000,- pr. person vil bli fakturert etter at vi har mottatt påmelding. 

Husk reise- og avbestillingsforsikring – kontakt ditt forsikringsselskap!

Det tas forbehold om endringer i priser og rutetider samt endring i program som følge av forhold som ligger utenfor arrangørens kontroll, f.eks. værforhold og rutetider.

Teknisk arrangør: Temareiser Fredrikstad 
 

Avganger & priser

AvreisedatoReiselederReisemålPris fra
15/8Oddgeir BruasetDer ingen skulle tru at nokon kunne bu - Telemark15 830,-Bestill

Reisekalender

11/1En vandretur på vakre La GomeraFra 19 750,-
9/3EgyptFra 37 750,-
20/3Sigrid Undsets RomaFra 18 275,-
30/3CremonaFra 19 850,-
8/4Jordan - sivilisasjonens vuggeFra 32 750,-