Skip to main content

'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu' - Telemark og Buskerud


'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu'

Kvipt - Argehovd - Skifterud - Skrepprud


Reiseperiode 14. - 17. september 2020
OBS: Vi har også en avreise med en annen reiserute på våren. Klikk her for å lese mer.

Ønsker du å møte noen av de mest særegne menneskene fra TV-serien ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”? Nå har du mulighet til å bli med på gruppereise med mannen bak TV-suksessen, Oddgeir Bruaset, hjem til noen av de bortgjemte gårdene. Ferden går først til Vest-Telemark og den sjarmerende fjellgården Kvipt, før vi reiser videre på jakt etter de små, skjulte idylliske plassene der folk har valgt å slå seg til ro.


Noen av høydepunktene på turen:
  • Opplev den idylliske fjellgården Kvipt, der odelsgutten Åsmund har bygget en imponerende samling tømmerstuer og stabbur i telemarksstil. Sammen med kona selger han egenprodusert håndverkskunst.
  • En idyllisk båtreise over Møsvatn til Argehovd finner vi en av de høystliggende gårdene i landet som er i drift. Her kombinerer Ann-Gro og Åsmund Løvås sauehold med å leie ut fjellhytter i et av de mest ettertraktede områdene som finnes for fiske, jakt og fotturisme.
  • På småbruket Skifterud nord for Austbygde i Tinn har to utlendinger slått seg ned, etter et noe utsvevende liv i unge år. I dag starter og avslutter de dagen med bønn og meditasjon, og resten av dagen lever de i enkle kår av det som det lille bruket kan gi.
  • I Numedal lå gården Skrepprud folketom, helt til en 20 år gammel gutt kjøpte den og flyttet inn. 55 år senere finner vi en mengde tømmerbygninger på tunet som mannen har berget fra forfall, og de er fylt med hundrevis av gjenstander fra det gamle bondesamfunnet.


Bruaset forteller videre:
"Ferda går først til Vest-Telemark, eit av dei områda med flest utpostar der det enno bur folk. Fjellgarden Kvipt på grensa mot Agder var i mange år fråflytt, men odelsguten tok familien med tilbake og satsa på gardsturisme i staden for husdyrhald og gjort tunet om til ein eventyrstad. Vi skal til Argehovd lengst nord på Møsvatnet, der eit ungt par frå Kongsberg slo seg ned – og vart spådd eit kort liv som fjellbønder. Dei bur der framleis, meir enn 30 år etter at dei kom. På det brattlendte småbruket Skifterud i Tinn finn vi Gaby Larsen frå Færøyane og Rupert Derben frå Tyskland. Her lever dei i svært enkle kår, om lag slik folk i det gamle bondesamfunnet gjorde.

Til sist tek vi turen over til Buskerud og Øygardsgrend i Numedal og møter einebuar Lars-Erik Jacobsen, som 20 år gammal kjøpte den fråflytte og høgtliggjande garden Skrepprud, og som har brukt det meste av fritida si på å berge gamle tømmerbygningar frå forfall og å byggje dei opp att på eigen gard.

Om kveldane vil eg halde bildeforedrag om både desse og andre menneske som har valt å leve der ingen skulle tru at nokon kunne bu."

Bestill reise

Reiseperiode:

14 - 17 september 2020

Dager:

4

Reiseleder:

Oddgeir Bruaset

Norsk journalist, forfatter og programleder. Blant annet kjent for TV-serien ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.


Pris fra:
12 990,-

Søk reise

Program

Dag 1 – måndag 14. september – Kvipt

Måltider inkludert: L/M
Turen startar kl. 08.30 med avgang frå Oslo bussterminal, og vi tek oss over til Kvipt i Fyresdal, via Kongsberg, Notodden, Seljord og Kviteseid. Reisetida er stipulert til drøye 4 timar, men ved behov kan vi leggje inn ein kort pause på Notodden. Undervegs får vi høyre historia om Kvipt og familien som bur der. 

Den veglause fjellgarden på grensa mot Aust-Agder vart fråflytt i 1964, då eldsteguten skulle begynne på skulen, og skulevegen var umåteleg lang og tung. Men då guten vart mann og fekk familie, flytte han tilbake saman med kone og fire søner. Åsmund bygde veg til gards, la om drifta frå husdyrhald til gardsturisme og bygde ei rad nye tømmerhus i tunet, så garden kunne ta imot overnattingsgjester. Låven vart omgjord til gildehall, ein garasje vart til kafé, og fjøset er bygd om til butikk, der turistane kan kjøpe handverkskunst, som rosemålaren Åsmund og keramikaren Janne har produsert gjennom ein lang vinter. For eit par år sidan tok yngsteguten, Olav, over, og i tillegg til å ta imot turistar tek den unge bilentusiasten sikte på å byggje opp ein liten bilverkstad der oppe på den einslege garden.

Etter lunsj i gildehallen blir det omvisning i tunet, der vi også får ein gløtt inn i den spesielle historia garden har. Og sjølvsagt blir det høve til å kjøpe handverkskunst i fjøset. Turen til hotellet i Morgedal, der vi skal overnatte, går mykje godt etter den same vegen som vi kom, og vi reknar med å vere innlosjerte ein gong mellom kl. 17 og 18. Morgedal er bygda der Sondre Norheim voks opp, der skisportens vogge stod, og før middag (kl. 19) er det høve for dei som vil å vere med på ei omvisning i skimuseet tett ved hotellet.

Dag 2 – tysdag 15. september – Argehovd

Måltider inkludert: F/L/M
Denne dagen skal vi ikkje berre køyre buss, men dra på båttur over Møsvatnet. For å nå båtavgangen kl. 10.00 må vi starte frå Morgedal kl. 08.30. Bussturen går etter E-144 til Åmot, der svingar vi inn på rv. 37 og køyrer gjennom Rauland fram til Skinnarbu, der rutebåten Fjellvaaken II ventar. Turen nordetter Møsvatnet tek 1 ½ t, og lengst inne ligg framleis tre gardar som er busette, i god avstand til kvarandre. Etter å ha gått i land tett attved Mogen turisthytte, spaserer vi fram til garden lengst i nord, Argehovd, ein av dei høgstliggjande gardane som framleis er i drift i landet (970 m.o.h.). Her møter vi ekteparet Anne-Gro og Åsmund Løvås, som slo seg ned her i 1988. Då var ho ei 21 år gammal byjente og tre månader på veg med det første barnet. Få trudde dei kom til å bli, men dei er her enno, 32 år etter at dei kom, og her lever dei av sauehald kombinert med turisme – utleige av hytter,  jakt- og fiskerettar. Dei to døtrene dei fekk, er vaksne og har flytt ut. Etter møtet med dei to på Argehovd et vi lunsj på Mogen turisthytte. Fjellvåken legg frå land kl. 15, og litt før kl 17 sjekkar vi inn på Skinnarbu Nasjonalparkhotell. Kl. 18 held Oddgeir foredrag, m.a. om naturbarnet Anne Vågen Skindalen og garden hennar, Skindalen, som ligg inne i ein fjelldal ei halv mil vest for Møsvatnet. Etterpå set vi oss til middagsbordet på Skinnarbu.

Dag 3 – onsdag 16. september – Skifterud

Måltider inkludert: F/L/M
Etter å ha smurt lunsjpakke startar bussturen med avgang frå Skinnarbu kl. 9.30 og legg vegen om Vemork Industriarbeidarmuseum, der vi m.a. får høyre om tungtvassaksjonen under krigen og vere med på ei omvisning i tungtvasskjellaren. Ca. kl. 11.30 går vegen til Skifterud, nord for Austbygde, dit vi kjem ca. 12.30. Her møter vi Gaby Larsen (Færøyane) og Rupert Derben (Tyskland), som etter eit omflakkande liv, m.a. som ungdommar i Christiania i København har slått seg ned på eit brattlendt småbruk, som dei driv økologisk, utan motoriserte reiskapar og er sjølvforsynte med det meste. Dei kan fortelje historia si og snakke om tankane sine kring livsstil og ein truga jordklode. Kanskje kan vi også få Rupert til å finne fram gitaren og syngje ein av mange sjølvlaga songar. I 15-tida set vi kursen nordover, og ein time seinare sjekkar vi inn på Dr. Holms Hotel på Geilo. I eit par timar kan deltakarane bruke tida som dei sjølve vil. Kl. 18 held Oddgeir eit nytt foredrag, m.a. om Skrepprud, og kl. 19 er det middag.

Dag 4 – torsdag 17. september – Skrepprud

Måltider inkludert: F/L
Bussavgang kl. 9.00. Bussturen til Øygardsgrend i Nore og Uvdal tek ein time, men pga. av litt strabasiøs tilkomst til Skrepprud lyt vi rekne ein halv time ekstra. Oppe i tunet møter vi Lars-Erik Jacobsen, einebuar på ein einsleg gard han kjøpte 20 år gammal. Den pensjonerte læraren har levd for å berge gamle, verneverdige hus som var i forfall, og møysomleg har han teke tømmerhusa ned, transportert stokkane heim til seg og bygd dei opp att i eige tun, etter å ha skift rotne stokkar ut med friske. Han har også ei stor samling reiskapar og andre gjenstandar som høyrde det gamle bondesamfunnet til. Lars-Erik har bygd opp eit stort gardsmuseum, og han viser oss gjerne rundt og fortel om remedia, så vel som om sitt eige liv og sine eigne tankar. Turen frå Øygardsgrend til Kongsberg tek 1 ½ t, og vi er framme ca. kl. 14, då det er tid for lunsj. Ein time seinare set vi kursen for Oslo og reknar med å vere parkerte på bussterminalen ca. kl. 17.

(Vi gjør dere oppmerksomme på at ankomsttiden i Oslo kan endres på grunn av endring i programmet, trafikk etc.)

Kontakt oss gjerne om du trenger flyreservasjon til/fra Oslo.
 

Praktiske opplysninger

Pris pr. person kr 12.990,- som inkluderer:

  • Bussreise fra/til Oslo på hele rundturen 
  • 3 overnattinger i delt dobbeltrom
  • Besøk og omvisninger ifølge program
  • Kåserier og foredrag ved Oddgeir Bruaset
  • Full pensjon (ekskl. drikke) 
  • Faglig reiseleder Oddgeir Bruaset
  • Teknisk reiseleder Arvid Aastad

 
Tillegg for enkeltrom: kr 1 200

Hoteller:
Morgedal Hotell
Skinnarbu Nasjonalparkhotell
Dr. Holms Hotel

Depositum kr 3 000,- pr. person vil bli fakturert etter at vi har mottatt påmelding. 
Minimum antall deltakere er 20. 
Husk reise- og avbestillingsforsikring – kontakt ditt forsikringsselskap! 
Vi tar forbehold om prisendring pga. endrede flyskatter/oljetillegg. Det tas forbehold om endring i rutetidene samt endring i program som følge av forhold som ligger utenfor arrangørens kontroll, f.eks. værforhold.

Avganger & priser

AvreisedatoReiselederReisemålPris fra
14/9Oddgeir BruasetDer ingen skulle tru at nokon kunne bu - Telemark12 990,-Bestill

Reisekalender

3/9Kristin Lavransdatters verden - en oppdagelsesreise! Fra 13 450,-