Skip to main content

'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu'


Ei reise dit 'ingen skulle tru at nokon kunne bu'

Reiseperiode 26. - 30. august 2019

Har du lyst til å oppleve nokre av dei mest spesielle stadene og møte ein del av dei mest særmerkte menneska frå TV-serien ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”? 

I så fall har du no sjansen. På kjøpet får du med mannen bak fjernsynsserien, Oddgeir Bruaset, som los. 

Ferda går gjennom noko av det mest storslegne landskapet kongeriket har å by på – Hardanger, Indre Sogn og Nord-Gudbrandsdalen.

 

Høgdepunkt:

  • Kjeåsen og Bjørg Wik, oslojenta som vart einebuar på ein av dei mest spektaulære gardane i landet, og som franleis lever åleine på ei fjellhylle høgt over Simadalsfjorden
  • Den veglause garden Kjepso, høgt over Hardangerfjorden - hvor det aldrande ekteparet Anne og Per Ragnar Kjepso lever
  • Båttur med den gamle hardagerjekta 'Mathilde' innetter det naturfagre Fykesundet, der tenkjaren og personlegdommen Jon Skaar levde åleine det meste av livet
  • Storgarden Skåri i Luster, der alle dei tjue husa i tunet låg nede i forfall, men der 'husdokter' Geirr Vetti bygde dei opp att, mykje ved hjelp av sheraper frå det fattige Nepal
  • Eventyrgarden Glittersjå, med staselege tømmerbygningar og ei mengd dyr og fuglar spankulerande rundt i tunet. Hege og Helge Nordskar har omgjort eit fråflytt småbruk ved innsteget til Jotunheimen til denne eventyrgarden

 

Etter bussferda over Hardangervidda dreg vi først til den spektakulære fjellhyllegarden Kjeåsen, der einebuar Bjørg Wiik tek imot. Vidare kliv vi opp til den veglause buplassen Kjepso, der Anne og Per Ragnar Kjepso – ho frå Glasgow – held hus. Ein båttur inn den vakre fjordarmen Fyksesundet, riket til eremitten Jon Skaar, høyrer med. Inst i Sogn besøkjer vi Skåri, garden som  ”husdokter” Geirr Vetti har bygd opp frå ruinane, med god hjelp av sherpaer frå det fattige Nepal. Etter ein tur over Sognefjellet oppsøkjer vi Glittersjå ved innsteget til Jotunheimen, ein eventyrgard Hege og Helge Nordskar har reist. Dei møter vi saman med hundretals dyr og fuglar, frå tamde elgoksar til andalusiske hopper. Er ikkje dette nok, byr Oddgeir Bruaset på talrike bildeforedrag om folket som lever langt utanfor allfarveg – og som lever godt. 

Turen arrangeres i samarbeid med: 

Bestill reise

Reiseperiode:

26 - 30 august 2019

Dager:

5

Reiseleder:

Oddgeir Bruaset

Norsk journalist, forfatter og programleder. Blant annet kjent for TV-serien ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.


Pris fra:
14 950,-

Søk reise

Program

Dag 1 - Måndag 26. august

Måltider inkludert: L / M
Turen startar kl. 09.00 med avgang frå Oslo bussterminal, og vi tek oss til Vestlandet over Hardangervidda. Etter å ha køyrt Hallingdal til Gol får vi lunsj på Restaurant Valhall, som er ein ny og, som namnet seier, ein vikinginspirert serveringsstad. Vi held fram over vidda og passerer kjende stader som Geilo, Ustaoset og Haugastøl, før vi gjer ein kort stogg ved den majestetiske Vøringsfossen, der ein ny attraksjon er i ferd med å reise seg. I samband med prosjektet Nasjonale turistvegar blir det no bygd ei spektakulær bru over dalen, noko som vil gje den opplevingslystne eit heilt nytt synsinntrykk av det kanskje best kjende fossefallet i landet. Vi køyrer vidare nedetter den svingete Måbødalen og passerer Måbø og Tveito, eit par gardar som før bilvegane kom, var blant dei mest isolerte. Omsider er vi framme i Eidfjord, eit vakkert og velregulert bygdesentrum, som vitnar om at vasskraftutbygginga har gjeve kommunen god økonomi, og vi sjekkar inn på Quality Hotel Vøringfoss, eit relativt nytt hotell, men bygd i gammal stil, og som har fått prisar for byggjeskikken. Før middag blir det kvar dag halde bildeforedrag om dei som ”lever der ingen skulle tru…”, og i Eidfjord skal det handle om stadene og menneska vi skal møte neste dag.

Dag 2 - Tysdag 27. august

Måltider inkludert: F / L / M
Dagen blir todelt. Føremiddagen bruker vi til å oppleve den truleg mest omtala og særmerkte heimen i Distrikts-Noreg, fjellhyllegarden Kjeåsen, som ligg på ei hylle 530 meter over Simadalsfjorden. Så lenge garden var i retteleg drift, hadde folket ikkje annan veg enn ein tung og vanskeleg gangsti oppetter den stupbratte fjellsida, som vi kan sjå på turen inn langs fjorden. Midt på 70-talet vart det bygd bilveg oppetter fjellet i samband med ei kraftutbygging, men han er ikkje breiare enn at han er einvegskøyrd, opp kvar heile time, ned kvar halve. Frå parkeringsplassen og ned til tunet er det lett og makeleg gange på eit par hundre meter, og der møter vi Bjørg Wiik, den einaste attbuande på Kjeåsen. Ho er frå Oslo og kom som ung til Kjeåsen for å stelle for ei gammal tante. Men etter at tanta var død, valte Bjørg å bli att på garden, ettersom han hadde verdiar ho heldt høgt, og som ho ikkje ville finne i storbyen. Og sidan har ho vore der, men det siste tiåret har ho budd i Oslo vintersdag. Ho er trass alt midt i 80-åra, og helsa skrantar. Før vi tek farvel, blir det høve til å kjøpe suvenirar med Kjeåsen-motiv.
Etter lunsj på hotellet i Eidfjord legg vi vegen utetter Hardangerfjorden, kryssar den nye og imponerande Hardangerbrua, og køyrer på ein smal og svingete veg langs nordsida av Hardangerfjorden. Også den har status som Nasjonal turistveg. Ei halv mil før industristaden Ålvik forlét vi bussen og tek beina fatt. Gangvegen opp til Kjepso tek ein liten halvtime, og han kan innimellom vere litt bratt, men han er trygg å gå. 
Joggeskor eller fjellskor bør ein likevel ha. Oppe på knausen der Kjepso-tunet ligg, får vi eit flott utsyn over fjell og fjord, og der møter vi det tilårskomne ekteparet Anne og Per Ragnar Kjepso. Anne er fødd og oppvaksen i Glasgow og er i dag så godt som blind, men ho har likevel ingen planar om å flytte. Om sommaren kan det vere folksamt på Kjepso, for då kjem ikkje berre etterkommarane av Anne og Per Ragnar 
besøk, men også søskena til husbonden og familiane deira, og då gjallar songen, musikken og latteren gjennom tunet. Samhaldet er like sterkt som humøret er godt. Vel nede ved bussen att tek vi fatt på siste etappen, vegen ut til Norheimsund og det gamle, ærverdige turisthotellet Thon Sandven Hotel, der det utanom middag blir nytt foredrag.

Dag 3 - Onsdag 28. august

Måltider inkludert: F / L / M
Denne føremiddagen skal vi halde oss på sjøen, om bord i ei gammal, men velhalden hardangerjekt. ”Mathilde” skal frå kaia på Steinestø ta oss med inn den milelange fjordarmen Fyksesund, inn i Jon Skaar sitt rike. Den kloke einebuaren med det lange skjegget døydde for seks år sidan, men vi ser husa hans høgt oppe i den veglause fjellsida, og deltakarane får høyre fleire historier om han enn dei som vart fortalde i foredraget på Sandven kvelden før. Dessutan besøkjer vi den fråflytte grenda Botnen, i botnen av Fyksesund, og får del i det dramatiske livet som utspelte seg der. Dei som ønskjer å vere på dekk, bør ha med klede som toler regn.
Tilbake ved utløpet av Fyksesund får vi lunsj i Gamlastovo på Fykse, ein av dei mest ekte og intime gardsrestaurantane i Hardanger, før vi legg vegn mot Sogn. Vi køyrer innetter vegen langs Hardangerfjorden til Granvin, set kursen for Voss, og på Vossestrond legg vi vegen inn Myrkdalen, dreg over Vikafjellet og kjem ned til Vik i Sogn, mellom anna kjend som gammalost-bygda. Ved Vangsnes kryssar vi Sognefjorden over til Hella, og seint på ettermiddagen entrar vi skule- og fruktbygda Sogndal. På Quality Hotel Sogndal blir det nytt foredrag, m.a. om mannen og staden vi skal få oppleve dagen etter, før det er middag og avslapping på hotellet, eller spasertur i sentrum av Sogndal.

Dag 4 - Torsdag 29. august

Måltider inkludert: F / L / M
Denne dagen startar med tre kvarters busstur gjennom storslege sognelandskap. Vi køyrer gjennom vakre Hafslo, som omkransar Hafslovatnet, kjem ned til Lustrafjorden, passerer kommunesenteret Gaupne, bygd på ei øyr av sand som elva har ført med frå Jostedalsbreen, og køyrer langs fjorden nordetter, omgjeven av makelause lustrafjell og bognande frukthagar. I Dale får vi ei omvisning i den imponerande steinkyrkja frå mellomalderen, Dale kyrkje, før vi på smale vegar tek oss inn til Skjolden i botnen av Sognefjorden og svingar nordetter mot Mørkrisdalen. Nedanfor Skåri lyt vi forlate bussen og bruke beina på den kilometerlange vegen opp til Skåri, i alle fall dei av oss som Geir Vetti ikkje rekk å skysse med den firehjulsdrivne bilen sin.
Tunet på Skåri er eit eventyr. For tjue år sidan låg eit tjuetals gamle gardshus i ruin, men ved tusenårsskiftet fekk bergensaren og ”husdokteren” Geirr Vetti kjøpe den forfalne storgarden, og i tida som har gått, har han fått alle bygningane på fote att, ikkje minst takka vere sherpaer frå det fattige Nepal, som kvar sommar har bore hundrekilos steinheller på rygg oppe frå eit elvefar, og bygd opp nye, solide hustufter. No er arbeidet fullført, men sherpaene kjem likevel årvisst tilbake, og i stadig større flokkar (denne sommaren tel dei 48). Dei gjer det for å byggje nye eller reparere gamle fjellstiar rundt om i landet, oppdrag som Geirr har skaffa dei. Dessutan har mannen fått den kvinnehjelpa han lenge fånyttes leitte etter. Sigfrid Myklebust frå Lillestrøm, med ei fortid som framståande ryttar og med ein generell kjærleik for husdyr, stod ho ein dag på Skåri og helsa husbonden med orda: ”Her er jeg!” Medan Geirr no opererer mykje av tida i fjella saman med sherpaene, er Sigfrid blitt gardsstyrar og steller hest og ku, sau og geit, hund og katt, samstundes som ho saman med eit par medarbeidarar tek imot turistar og tilbyr servering – som lunsj til oss.
Geirr vil vere på plass denne dagen, og er vi heldige, får vi òg møte ein sherpa eller to, som måtte vere innom mellom oppdraga i fjellet.
Etter turen til Skåri kryssar vi igjen høgfjellet, og denne gongen går ferda på ein ny nasjonal turistveg, over Sognefjellet, den høgste fjellovergangen i Nord-Europa. Vi køyrer gjennom Fortunsdalen og ser opp mot den majestetiske steinstova i Fuglesteg, 600 høgdemeter over oss, medan vi nærmar oss Turtagrø Hotel, ser vi tinderadene i Vest-Jotunheimen, Skagastølstindane og Fanaråken, og når vi passerer toppen, kan vi slå fast at vi er 1434 moh.
Ned gjennom Bøverdalen er landskapet mindre dramatisk, men meir frodig, med grøne lier og ei fossande elv, men også her er det nok av kulturminne og spesiell busetnad. Vi treng berre nemne Sulheim gard, der alle husa er frå før 1800, og dei er fylte med spennande fjellhistorie.
Vi tek inn på Fossheim Hotel i kommunesenteret Lom, ein tettstad merkt av ein vakker byggjeskikk, som står den gamle bondekulturen nær. Lom sentrum er eit vitnemål om at det kan reisast moderne forretningar og offentlege bygningar i gammal byggjestil – med eit framifrå resultat. Vi håper det blir tid til at deltakarane på eiga hand kan sjå seg om i bygdesenteret, eventuelt stikke innom ein eller fleire attraksjonar, som den gamle stavkyrkja, fjellmuseet eller steinsenteret i bygda. 

Dag 5 - Fredag 30. august

Måltider inkludert: F / L 
Frå Lom går ferda til nabokommunen Sel og til endå ein avsidesliggjande eventyrgard, Glittersjå. Då Hege og Helge Nordskar i 2006 kjøpte staden, var han ikkje noko anna enn eit lite, fråflytt småbruk, Heringstadbrenna. Han låg i solhellinga, vendt mot Jotunheimen, og så lenge han hadde fritt utsyn mot Glittertind, fekk han straks nytt namn – Glittersjå. Det som var eit forfalle småbruk, vart på få år omskapt til eit tun fylt av staselege tømmerbygningar, somme ombygde, andre reiste frå grunnen. Og mellom dei mange husa trippar hundrevis av tobeinte og firbeinte skapningar omkring. Forklaringa er ikkje berre å finne i at Helge er ein uvanleg nevenyttig kar, med sans for det estetiske, men at han som svigerson til Edvin Thorson, grunnleggjaren av Langedrag, var den som meir enn nokon bygde opp Langedrag. Og Hege, som med ei fortid som sprangryttar gjekk under namnet Heste-Hege, sytte for at Langedrag vart heimstad for ei lang rekkje dyrerasar. Men då Hege og Helge vart småbarnsforeldre, søkte dei lunare lende, kjøpte husa til skilegenda Birger Ruud i Lommedalen, og gjorde også dei om til ein eventyrleg eigedom. Likevel - då borna vart store nok til å kunne stå på eigne bein, vakna fjellhugen igjen, og i dag har Glittersjå mange likskapstrekk med Langedrag. Her kan vi t.d. møte tamme elgar og ekte villsvin, ved sida av andalusiske gjetarhestar og gammalnorsk spælsau, eller andre brekande og kaklande skapningar. For å ha noko igjen for investeringane har Hege og Helge starta med litt gardsturisme, dei sel gardsmat, dei har nokre overnattingsrom, og dei byr gjestene på kaffi og kaker eller ein lunsj. Det gjer dei også til oss.
Etter trakteringa startar turen attende til hovudstaden. Den går etter den nasjonale turistvegen over Valdresflye og gjennom valdresbygdene, og etter planen er vi tilbake der vi starta, på Oslo bussterminal i 18-tida.    

Praktiske opplysninger

Pris pr. person kr 14.950,- som inkluderer:

  • Bussreise på hele rundturen 
  • 4 overnattinger i delt dobbeltrom
  • Besøk og omvisninger ifølge program
  • Kåserier og foredrag ved Oddgeir Bruaset
  • Full pensjon (ekskl. drikke) 
  • Faglig reiseleder Oddgeir Bruaset
  • Teknisk reiseleder fra Temareiser Fredrikstad

 

Rabatt for A-kort kr 750,- pr person

Minimum antall deltakere er 20. 

Depositum kr 3 000,- pr. person vil bli fakturert etter at vi har mottatt påmelding.

Tillegg for enkeltrom kr 1.500,-

Husk reise- og avbestillingsforsikring – kontakt ditt forsikringsselskap! 

Vi tar forbehold om prisendring pga. endrede flyskatter/oljetillegg. Det tas forbehold om endring i rutetidene samt endring i program som følge av forhold som ligger utenfor arrangørens kontroll, f.eks. værforhold.

Hoteller:
Quality Hotel Vøringsfoss    

Thon Hotel Sandven

Quality Hotel Sogndal

Fossheim Hotell
 

Teknisk arrangør: Temareiser Fredrikstad

Avganger & priser

AvreisedatoReiselederReisemålPris fra
26/8Oddgeir Bruaset'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu'14 950,-Book på venteliste

Bosted

Reisekalender

23/7Opplev Andrea Bocelli i Toscana - med Stavanger AftenbladFra 16 995,-